torsdag 10. juni 2010

Surrealistisk Hundeportrett

I løpet av nokon veker, har klassen hatt valfrie prosjektarbeid der me valte om me ville jobbe med trykk, foto eller begge.
Eg valgte her å jobbe med "surrealistiske hundeportrett". Alle fotoa er mine, inkludert hundane^^





onsdag 6. januar 2010

Julekort

Oppgåven var å lage eit Julekort i Adobe Illustrator og dette er det eg gjorde :)

Julemønster

Oppgåve: Du skal lage minst to mønster inspirert av jul og advent.

Siluett Historie

Laga av Therese (mann), Susann (kvinna) og Beth (fotograf).

torsdag 3. desember 2009

Bokframsider

På skulen fikk vi ein oppgåve:
Lag 2 bokframsider
Bruk svart/kvitt fotografi
Lag seriar (2-5). Bearbeid fotografia på forskjellige måtar.
Den eine serien kan vere i fargar
Bokframsida skal innehalde eit fotografi (eller eit fotografisk element)
pluss minus eitt ord (tittel)
1. Lag minst 2 framsider til matematikkbøker.


2. Lag minst 2 andre bokframsider, valfritt emne, valfrie titlar.


tirsdag 27. oktober 2009

Min Framside

Dette skuleåret så fikk min klasse i oppgåve å lage framsida til skulekatalogen. Så alle lagde kvart sitt forslag, ( nokre gjekk i grupper). Dette er mitt!

Den største utfordringen eg hadde var å faktisk komme på kva som skulle vere på siden! Men etter nokre forskjellige ideer og forslag frå andre, kom eg endelig opp med dette.
Photoshop (kort): Velge ein bakgrunn, velge tekst og plasere det slik at det ser noko lunde greit ut, ha litt "pynt"(håndskriften, limt inn), og klippe ut skulebygningen og lime den inn men prøve å ikkje sjå for rart ut.
Ferdig!

tirsdag 13. oktober 2009

Pinhole kamera

Ein dag i Trykk og foto-timane hadde vi vikar. Den dagen skulle vi altså lære å ta bilde med eit pinhole kamera, som vi skulle lage av ein melkekartong. Vi tok ein melkekartong kvar, klipte den i to. Malte begge delene helt svart, og klipte eit lite hull i den nedre delen. Tok ein liten metalbit frå ein ølboks, og lagde eit pitte lite hull med en nål. Teipte den over hullet på melkekartongen, og tok ein teipbit som lukke vindu.



Vi gjekk inn på mørkerommet og puttet oppi eit lite fotopapir og tok på lokket. Vi gjekk ut og plaserte det der det skulle stå i nokre minutt og fjernet teipen.
Etter nokre min. tok vi teipen på igjen og gjekk inn på mørkerommet og fremkalte dei.
Det første her er ein potteplante, og den andre er meg.
Og det er sånn vi tok bilde med ein Melkekartong.